Finni mæ sjæl
(Bennærn)
(Dr. Kjell)
Eg var ikkje klar over at eg leita, men eg fann
ein karakter, ei mann, ei rolle – eit komplett resonnement.
Unnfanga av kvar eg kom fram, kvar eg skulle, kvar eg var.
Det starta med 60 kg. straight-edge geek frå Volda.
Der vart det nye sveisar, klassereise, filosofi på Napoli,
Ei ungdomstid på overtid, seint krøka, men god krok fordi.
Eg satte kursen aust, litt på måfå, litt på “måtte få”.
Ein litt over middels traust kis – lite meining / få mål.
Men som ein song treng eit refreng, så trengte Dr. Kjell ein
gjeng å henge med, og her fann eg to, og så min yndlingsperson.
Eg veit ikkje kva som skjedde først, om eg fann meg sjølv, eller om eg fann ho,
men når ein først har finni ein, så er ein finito.
Og eg har funne meg sjølv, eg er ein gangsta.
Du har eit spørsmål – Sinsenfist the motherfuckin’ answer.
Du prøvar å kome deg forbi, eg står så heise tett med gutta mine at du må snu.
DU MÅ SNU
Eg har funne meg sjølv: Ein gangsta.
Eg må halde hovudet over vatnet, ma’fakka.
Eg har funne meg sjølv, funne meg sjølv, funne meg sjølv,
eg er ein gangsta. Og eg kan spele gitar.
(TeddyFoxXx)
Ugstad
(Dr. Kjell)
Kom her og hels på Ugstad – ei levande legende;
spelar meir enn brukbart, han drit i alle trendar.
Han får alle år til å tangere 1992.
Han fjertar lyn og torden, og han svømmer i blod.
Han har mykje betre flows enn akerselva.
Han er nesten like yo som Dr. Kjell.
Han er ein målmann med stålballar, [har] ofte eit mål om å verte litt bedugga.
Så skål alle saman for sjølvaste hammaren, Ug-glugg-glugg-glugg…
Ugstad – han er en institusjon av en person, han er en ordkameleon som heter
Ugstad. Så hold fingeren rett og bit deg i leppa. Nå har du lært å “gjøre en Ugstad“.
(Bennærn)
Men damene peser og åpner gapet som en pez-dispenser
brus ekke godt nok for min brush
Mye brunt i glasset serverer gyllen dusj
Du tåler ikke gluten, men det frista litt med hvete
Vet det vet du ikke at hans machete
Har pløya flere mål enn du noen gang vil hærve
Bræ! ned på linja krittet spruter deg i trynet
Vet ikke hva som traff deg, men du elsker bare synet
Av 1000 tonn swagga pakket i en kropp
80 kilo kjøtt og resten det er
Fysisk umulig, men lovene må ned
Det eneste som gjelder nå er E=MC – Ugstad
M.V.P.
(Dr. Kjell)
Det er ikkje mange tusen orangutangar igjen, men det kostar berre 20.000 spenn for å få kjøpt seg ein.
Vi har politi med pistolar som stoppar kids med weed, men drit i finansfolk sin kola.
Storkapitalen leggjer kabalen om kven vi treng, kven vi stenger, og kven vi sprenger.
For alle skal med, så vi bombar dei ihjel Kven faen trur Afghanistan og Libya at dei er?
Og massemedier som fråtsar i tragedier vert lediggangsremedie,
og skapar digitale arbeidsplassar for eit lass med arbeidsledige.
Ei prisme – kommentarfelt skapar framtidspessimisme.
Kan eg forsvare å ville verte pappa når vi står på trappa til å skakkjøre sjappa?
Nei, i dag vil eg drøyme om ei verd utan TISA og krig og Pegida.
Eg tenkjer på det nesten heile tida.
Men ikkje mens vi pular, baby.
Ikkje mens vi er i lag.
Eg er ein liten kid i livets fjerde klasse, og baby, du er O-fag.
Du er mi jordingsleding.
Min Paradise Hotel-partner – begge to har fredning.
Vi er eit tre, eg er ei grein og du er stammen.
Kvar gong vi pular, baby, kvar gong vi er saman.