was successfully added to your cart.
Uncategorized

Fistebloggen #3 – Dr. Reisende Kjell, episode 1

By October 9, 2017 No Comments

Å skape eit meisterverk er ikkje berre enkelt. Med Mt. Fistmore vaksande som ein koloss i mitt sinns horisont er det innimellom naudsynt å ta ferie. Om ikkje for å få avstand, så for å få perspektiv. Eg handlar mykje om primærbehov, og når eg tek pause frå å skape (og innta!) mental, sonisk næring, så er hovudfokuset på å stappe trynet fullt av det aller beste av fysisk næring eit nesten tilfeldig utvalt utland kan levere. Eg har sjølvsagt funne meg sjølv, men det er deilig å finne nye smakar og å finne attende til gamle, i nye deiliske komboar.

Denne gongen gjekk turen til Portugal, denne herliske eldgamle kolonimakta plassert i brytningspunktet mellom atlanter- og middelhav, på cunten av cuntinentet. Kanskje i våre dagar mest kjend for sleske fotballspelarar og -trenarar, men historisk eit knytepunkt for sjøfart, handel, kultur, bacalhau, tempura, (port)vin og pata negra.

Og faaaaaak, det var mykje eg kunne ha skrive om og fokusert på. Opent hav på jakt etter storfisk, eller eit veritabelt smorgasbord av blekksprutrettar på Algarve-kysten, til dømes. Eller korleis eg kjenner smaken av nesten overmoden fiken berre eg tenkjer på fargen av ung portvin av god årgang. Som nesten fanatisk sjømatentusiast fekk eg mi kanskje sterkaste dekknamn-oppleving litt nord for Porto. Men eg skal ikkje skrive om dette.

 

På same måte som god kunst ikkje berre handlar om kva som er godt, så kan også dei kulinariske kunstformar leite fram det vakre i det smertefulle. Noko som kan vere heilt fullstendig feil kan vere heilt uendelisk riktig. Noko kan vere godt på den vonde måten. Eller omvendt.

Eg har ei heilt ny slags forståing, eller kanskje mangel på sådann, for det nordportugisiske folkeslag etter å ha prøvd deira tradisjonelle lønsjrett “Francesinha Especial”. Alle folkeslag har eller vil på eitt eller anna tidspunkt finne opp ostesmørbrødet. I Porto har ostesmørbrødet morfa til ein grotesk vanskapnad som er fullstendig “feil”, samtidig som den er heilt, heilt riktig. Bli med på ei lita reiseskildring for kjeft og hjarte:

Start med tanken om eit ganske vanleg ostesmørbrød. Du tek eit stykke brød, og legg så på ei skive med skinke. Alt er normalt, trygt og forståeleg til no. Utan noko ekstra behandling er det ein enkel blings – dei fleste ostesmørbrødre tenkjer at det er på sin plass med litt ekstra stæsj; kanskje litt tomat, krydder eller noko sylta braheit? I Porto seier dei “fuck it”, og slenger på ein biff.

Kva faen, liksom.

Når dei først er i gong, så hiv dei på nokre pølser (gjerne “linguica”, som er røykt og krydra og laga av svin av varierande villskap), legg på brødlokket og dekkar heile galskapen med ost på ALLE sider, så det heile vert ein syndig, kvit kube. Vi forlét basis-francesinhaen ei lita stund, for å ta med “Especial”-biten. Fyll ein tallerken med potetved, legg den steikte galskapskuben på toppen, knekk over eit egg (så plomma ligg heil på toppen), og steik det bittelitt til.

Serr.

Berre det viktigaste(!) står att. Over heile denne vedunderliske gigatonn-store kaloribomba tømmer ein nesten fjollete mengder saus, kledeleg beståande av bitter tomatpuré og øl, søt lauk og høveleg spicy kvitlauk og piri-piri. Totalen er nok til å få heile MGP-gruppa (Mat-guilty pleasures) på fjesboka til å bryte ut i kollektiv proverbial kjønnsleg givakt.

På alle måtar var dette ei (s)kjellsettande oppleving. Når ein snakkar om å ete med alle sansane, så var dette første gongen eg kan hugse å ha smakt med innsida av blodårene mine. Kvar bit la eit ekstra lag fett og synd i kvar einskild kapillær i overkroppen min. Og det var heilt fullstendig ÆMEJZN.


Heilt til slutt vil eg seie at eg vonar de satte pris på å få vere med på denne vesle mentale matopplevinga. Eg vil på eit seinare tidspunkt kome attende med ei oppskrift, så de kan lage ein Modern Scandinavian Cooking(tm)-variant av Francesinhaen sjølve, men eg treng litt tid på å la både opplevinga og kaloriane synke inn.

Bon appétit!

About bandadmin